Då var eg ferdig med russefeiring og 17 Mai for denne gong (ikkje at eg har planar om å vere russ igjen…).

Eg var også flink til å gå i tog! Saman med andre medruss som går på skule andre stader. Det er sånn det er å bu på Vatne, ingen vidaregåande skular her inne så då reiser vi andre stader :)

Her er toget på veg opp til oss. Trommesolo heile vegen opp (dette er ein bratt bakke å gå :p )

Her er ein som drit i kva som skjer ute.. Kuro, eit overlegent dyr.

Håper folk har hatt ein fin dag!